Møt vårt medlem: Sparebanken Sogn og Fjordane og Trond Teigene

Gå til hovedinnhold
Publisert:

Møt vårt medlem: Sparebanken Sogn og Fjordane og Trond Teigene

Sparebankforeningen presenterer hver uke en ny medlemsbedrift. Denne uken har vi invitert Sparebanken Sogn og Fjordane og adm. direktør Trond Teigene til å dele sine tanker om bankens rolle i et nærings- og samfunnsperspektiv.

Adm. direktør Trond Teigene. Foto
Adm. direktør Trond Teigene. Foto Vidar Helle /SSF

Hvordan vil du beskrive sparebanken du leder?

Sparebanken Sogn og Fjordane er ein viktig arbeidsplass med 270 kompetente tilsette. Det viktigaste samfunnsoppdraget vårt er å finansiere næringslivet i regionen, og å bidra til utvikling gjennom små og store løft innan utdanning, kultur, forsking, idrett og helse. Ein av to innbyggarar i Sogn og Fjordane har valgt oss som bank, men vi har om lag like mange kundar i resten av landet.

Hva kjennetegner næringslivet i området der din sparebank holder til, og på hvilken måte er dere med på å utvikle og omstille disse virksomhetene for fremtiden?

Næringslivet i Sogn og Fjordane er sterkt eksportretta, og er ein spanande miks av tradisjonelle næringar og sterk grunderverksemd. Banken er tett på bedriftskundane, og våre 40 tilsette som jobbar mot næringslivet har solid og viktig bransjekunnskap på dei viktigaste næringane i vårt område. Rolla vår er å vere ein lagspelar som kan følgje og støtte utviklinga i bedriftene, og gjennom å vere den viktigaste finansieringskjelda for næringslivet her, bidra til lokalt eigarskap.

Hva er avgjørende for å utvikle og beholde en sterk sparebanknæring i Norge?

Til sjuande og sist handlar det om at sparebankane evner å skape verdiar ved å framleis vere relevant, sett frå eit kundeperspektiv. Då treng vi forutsigbare og gode rammevilkår, men mest av alt må vi evne å endre oss i takt med omgjevnadane våre.

Hva gjør deg mest stolt når det gjelder sparebankkulturen?

At sparebankane gjennom sin verksemd og samfunnsengasjement gjer ein skilnad for folk, næringsliv og lokalsamfunn over heile landet, og at vi representerer ein unik forretningsidè som framleis er relevant etter snart 200 år.