Tysnes Sparebank mot trenden: Opnar der dei store legg ned

Bilde fra Tysnes Sparebank

Tekst: Jørn Lekve

Med 30 prosent årleg vekst i både forvaltning og kundar dei tre siste åra er vesle Tysnes Sparebank no klar for meir ekspansjon.  Nyleg etablerte dei seg med møteplass i Rosendal. Om kort tid opnar dei nytt kontor i Bergen sentrum og på Stord. Dei har og sikra seg lokale i Odda.

-Der dei store legg ned, der opnar vi anten kontor eller møteplass. Sånn sett går vi nok mot trenden i næringa, seier banksjef Dag Sandstå.

Det er liten tvil om at Tysnes Sparebank er inne i ein spanande utvikling for tida. Banken som tidlegare berre var å finne på øya Tysnes sør for Bergen og Os, har no etablert seg i Bergen og satsar på å vinne nye kundegrupper.

Øya vart for liten

Opphavleg var Tysnes Sparebanks marknadsområde avgrensa til øya Tysnes, med 3.000 innbyggjarar. 90 prosent av desse var kundar i banken. Det seier seg sjølve at banken då ikkje kunne verta stort større, om ein ikkje utvida marknaden. Det vart strategiendring i 2013, og sidan då har banken frå øya, etter kvart fått godt fotfeste i både Sunnhordland, Bergen og Hardanger. Ekspansjonen skjedde samstundes som mange av dei andre, større bankane la ned kontor. Timinga var altså god, mange nye kundar flokka seg rundt den nye banken.

Verdas mest personlege, på nynorsk

Eit verkemiddel er språket. Eit anna er at ein satsar på å vere ein særs personleg bank.

-Vi trur at det er med på å skilje oss ut frå mange av dei andre bankane i storbyen. Det at vi nyttar nynorsk konsekvent, seier og noko om at vi står for noko, at vi har tradisjonar og er solide, seier banksjef Dag Sandstå.

Han leier en liten norsk sparebank, som ha lang historie å visa til. Men den historia er og historia om øya Tysnes, kjend for bergensarane flest som eit hytte, sjø og ferieparadis sør for byen. Det var først i 2015 at Tysnes Sparebank tok det store spranget vekk frå øya.

Les hele artikkelen i Sparebankbladet.